Barnas Arcon 34

Velkommen til Barnas Arcon. Her er ei litt for lang kort oversikt over ting som passar for heile familien på Arcon 34. Den skal tidleg krøkast som god krok skal bli, og så vidare.

Barnepulja. Beste pulja på heile Arcon! For alle mellom 3 og 11 år. Små born i følge med vaksne, dei som er 6 og over er velkomne utan, men fint om de vil vera der. (Viss ikkje er dette ein god moglegheit å dra for og spela noko anna) Bli med i facebook-gruppa Barnepuljla https://www.facebook.com/groups/1813058792346120/ Gi eit pip om de tenkjer stikka innom, så veit me betre kva me har å forbereda. Søndag kl 13.

Kosedyrturneringen: Ta med bamsen din, kle han opp i rustning og send han i strida i den store kosedyrturneringa. Måtte det beste kosedyret vinne. (Dersom kosedyret ditt ikkje likar å slåss er det mogleg å låna eit som synes slossing er greitt) Søndag klokka 13:00, same rom som Barnepulja. Ope for dei over 11 også.

Spel spel! Dette er jo grunnen til å dra på Arcon! Lista over organiserte spel kan verka uoversiktleg, men det er plasser der du garantert finn spel som passar både små og store!

Ares Spillbar har spel til utlåns, lån eit der, skriv deg på lista og lever det att når du er ferdig. Teltet på baksida av skulen er ein fin plass å spela dersom vêret er bra, viss ikkje er det bord og stolar i 1.etg. Høver folk i alle aldrar.

Eivinds Brettspelrom har mange kjekke spel og er ope heile dagen. Born frå 8 år og oppover finn garantert noko kjekt. Her er det også Spille-om-spill klokka 10 søndag og måndag, der vinnaren får ta med seg spelet heim!

Simplicatus Games har eit frispelrom med spel som er underhaldande og lærerike. Ope heile dagen. Skulealder og oppover.

Kattespelrommet er nytt av året og inneheld alle slags kattespel. Kanskje ikkje for dei aller minste.

Vandrerne Eit rollespel satt i verda Terrenia, der Vandrerne reiser kring og samlar historier, løyser konfliktar og utforskar alt det spanande som har skjedd sidan siste magistorm. Flaggerkattar, troll og ein kappe du kan nytta til alt du kan finna på å bruka ein kappe til. Strålande introduksjon til rollespel med enkel mekanikk. Laurdag klokka 10.

Pathfinder Eit to-timars eventyr skrive med tanke på å introdusera nye spelarar til rollespel. Passar for alle som har lyst til å introdusera eldre ungar og ungdommen til denne fantastiske fritidsaktiviteten. Skrive for 13-16-åringar, men 11- og 12-åringar burde kunna halda greitt følge. Vaksne som vil læra og spela (eller vera GM) er også velkomne. Laurdag kl 13.00.

Settlers of Catan i ulike variantar går laurdag klokka 16, etter NM. Dette er eit supert introspel for dei litt eldre ungane. Litt taktikk, litt flaks. Ingenting fungerar om du ikkje samarbeider og handlar med dei andre spelarane.
Ticket to ride er eit av dei kjekkaste togspela du finn. Søndag kl 16.

Terningkastekonkurransen. Kast dei største terningane du har sett og sjå kor mange poeng du kan få! Laurdag frå 13 til 18. Eigen barneklasse.

Teiknekonkurransen ligg i frispelområdet nede. Teikna noko som har med temaet Rare Vesten. Tenk cowboy og romvesen, indianar og robothest. Ingen grenser, signer med namn og telefonnummer. Eigen barneklasse.

Mat og drikke: Kan kjøpast i kantina. Her er det hamburgerar, baguettar, og Arcon sin legendariske toast.

Kostymeworkshop. Kom og sy noko stilig! Terningpose? Superheltkappe, indianerkjole? Damene i kostymeworkshoppen har kontroll! Ope laurdag 12-19

Brettspelverkstad: Lag ditt eige brettspel med papp, papir, tusj, lim og saks. Her inne kan dei hjelpa deg med kva som kan fungera best. Laurdag og søndag 10-18

Retrospel: Fellesområdet i 4.etasje. Eldre konsollspel. Syn borna konsollspela du elska. Laurdag og søndag.

For dei med ekstra små born:
Heis: Heisen er til venstre for kantina. Går frå kjellar til 4.etg.
Stellerom: Diverre ikkje noko stellerom, men det er HC-toalett i dei fleste etasjane og garderobar i kjellaren. Jamfør førre for korleis koma seg til kjellaren.