Velkommen til Arcon38

Velkommen til Arcon38, Multivertshuset. Endelig kan me samlast.
Velkommen til Hartvig Nissen! Slik som me skulle vera i 2020, er me i år på Hartvig Nissens Skole, om enn i ein annan bydel enn planlagt. Dette er midlertidige lokaler, til restaureringa av originalen er ferdig.

Rigging: Me treng folk til rigging. Alle som møter tidleg  får vera med og rigga og samlar såleis frivilligpoeng. Spør etter Anna eller Witold. Oppmøte frå 14.30 og utover. 

Speleområdet går frå plam 0 til plan 4, med nokre få puljer oppe i 503. På nivå -1 finn du dusjar og fleire skåp. For dei av dykk som vil overnatta, er sovesalane på plan 1. Skaff deg eit kart, her er det mange dører.

Husk å melda din ankomst i infodesken på plan 1 (det er den du går på når du kjem inn hovuddøra), slik at du får armband.

Påmeldingslister vert skrive ut fredag ettermiddag, så dersom du vil melda deg på noko på førehand gjer det no! Etter det vil listene vera tilgjengelege i svarte permar merka med puljenummer, og de kan skriva dykk på for hand.  Permane står i 1.etasje, rett ved infodesken, eller ved biblioteket i 2.etasje. Me ser det an på fredag. Informasjon om spela finn du under program på denne sida du er no.  (nei, eg veit ikkje kvifor den tingen som seier mobil ikkje funkar)

Rangering av påmeldte er betalttidspunkt, så påmeldingstidspunkt og så påskrivne for hand. Sjølv om du trur du er langt nede på lista, møt likevel opp. Det kan vera fleire grupper eller spel tilgjengelege, og det kan vera folk som ikkje er der. Still som GM, ta med eige spel, og plutseleg får du vera med. Du kan også berre møta opp. Ellers er det mange stader du kan berre kome inn og bli med. Sjå veggplakatane.

Kantina er i år ekstern, så kan ikkje lova at det er risOtto. Om det er, så er den utan frivillige, me har nemleg ingen å mista. Å melda seg som frivillig ei pulje eller tre er den beste måten å få nye vener på Arcon. Spør etter Daniel. Du får dessutan ei finfin t-skjorte, mat og drikke. 

Programrommet er på plan 2, biblioteket, rom 208. Her kan spelleiarar henta lister, skriva ut modular, låna spel til turnering, henta t-skjortene sine etc. Hit tek dei også med vinnarar som kan få sine premiar.

Det blir ikkje auksjon eller spørrekonk i år, men det ryktast om spørrespel hos MidgardCon eller Arcon Social Club. (sjå desse)

Med dei beste ynskjer om ei strålande Arcon helg!
Spel flest mogleg spel! 😀