Online Mini-Arcon og årsmøte

Programsjefen forbarmar seg (eller kom på at ho skulle ha gjort dette for lenge sidan) og opnar Arcon sin Discordkanal ( https://discord.gg/U7aWgk8JHb ) denne helga for eit online Mini-Arcon.  
Kom innom frå klokka 12 laurdag og søndag, rop ut etter nokon å spela med, så finn me på noko kjekt i lag. Spel spel, drikk gløgg, lag papirlenkjer og julapynt, puss sølvtøy og trill virtuelle terningar med folka du kjenner frå Arcon. 

Det er ikkje eit fastsatt program, men har du lyst til å arrangera noko på eit bestemt tidspunkt (og slik ha større moglegheit til å få spelt det spelet du vil spela) send ein mail til program@spillfestival.no, så sett me opp eit enkelt progam for helga. Rykta har det til at det kan bli turnering i Colour my Kritters, og at programsjefen har tenkt å stela ein gamal Arcon31-modul og spela litt DnD. Ellers er det frispeling som gjeld.

Søndag blir det også ÅRSMØTE i foreningen Arcon. Vil du vera med og bestemma korleis Arcon skal drivast framover, eller vil du berre støtta festivalen du elskar meir enn alle andre festivalar? Kjøp eit medlemsskap på https://butikk.spillfestival.no/medlemskap . Styret har vore hyggelege og satt alle medlemsskap til 50 kr i år. Meld deg inn!

 

Online Mini-Arcon og årsmøte
Rull til toppen