Kvar føregår Arcon?
Det er mange ulike plattformar der ute, men her eit par av dei me kjem til å nytta under Arcon.
Spillfestival.no
Her på denne sida finn du programmet, praktisk info, påmeldingar og påmeldingslister. Du må laga deg ein konto, og når du har gjort det kan du melda deg på ulike spel. Enten via programmet (klikk den svarte boksen som syner når spelet går) eller Påmelding. Mine spill er for dei som arrangerer spel, slik at dei kan sjå kor mange som er påmeldt.
Discord
Discord vert heimen vår denne helga. Du kan enten lasta ned Discord eller bruka ein nettklient. Alle spel får eigen chat og eigen voice-kanal. I tillegg er det chattar for å finna folk til frispel, Ares sin te-salong, Arcon Social Club (dei kjem også til å bruka Zoom) og Pub 🙂 Lenkja kjem på framsida på onsdag 🙂
Last ned på www.discord.com
Brettspel og rollespel
Brettspel vil føregå i hovudsak på 3 plattformar: Tabletopia, Tabletop Simulator og Boardgame Arena.
Rollespel vil føregå via Roll20 og Tabletop Simulator.
Tabletopia
Tabletopia er ein virutell simulator du enten kan opna i nettlesaren din, eller lasta ned gratis på Steam. Det er mange gratis spel der inne, men for full tilgong kan du kjøpa abbonement. Dersom du har gullabbonement kan du vera spillvert for eit spel, og dei andre spelarane treng berre ha ein konto. Det går an å kjøpa helgetilgong.
Tabletopia sponsar nokre av spela våre! Registrerer du eit brettspel i løpet av 16.juni som du vil køyre på Tabletopia, send ein mail til program@spillfestival.no, så har me 3-månaders gullabbonement tilgjengeleg.
Registrer deg på www.tabletopia.com
Boardgame Arena
Boardgame Arena er ei nettside med mange kjekke spel. Det går an å arrangera turneringar og setta opp spel berre for dei du vil spela med, men også opna for at alle på sida kan vera med. Dersom du kjøper premium-medlemskap (4€ for ein månad, 24€ for eit år) får du tilgong til alle spel og vener med gratis-medlemskap kan spela dei med deg.
Registrer deg på www.boardgamearena.com
Tabletop Simulator
Tabletop Simulator kan kjøpast på Steam, og når du har lasta det ned kan du finna omtrent alle brettspel nokon sinne utgitt, enten frå utgivar (f.eks Europa Universalis: The Price of Power ) eller laga av andre som likar spelet.
Tabletop Simulator er også eit alternativ for rollespel.
Roll 20
Roll20 eit virtuelt bord tilpassa rollespel. Du finn karakterark for mange ulike rollespelsystem, og alle Dungeons and Dragons-eventyra på årets Arcon blir gjennomført på Roll20.
Lag konto på Roll20.net
For både Chrome og Firefox er det eit tillegg som samankoplar DnDBeyond og Roll20: Beyond20.