Cyberpunk i cyberspace

English below.

Kva skjer med Arcon? Dette er ei prøvande tid, og me treng alle noko å sjå fram mot. Me kan med glede fortella dykk at det blir eit Arcon. Om det vert eit fysisk Arcon, er me ikkje heilt sikre på enno.

Difor arbeider komiten og utvala no med moglegheiten for eit Arcon i cyberspace. Gjennom Discord, Tabletop Simulator og Roll20 håpar me at me kan gjennomføra ei helg med virtuelle brettspel og rollespel, samt mange av dei sosiale samankomstane som me har brukt å ha. Du må kanskje laga Arcon-toasten din sjølv, men du kan alltids eta den med oss.

Me har ikkje lukka døra for eit fysisk Arcon på Hartvig Nissen vgs enno, og kjem til å arbeida vidare med det, så registrer spel, meld deg som friviljug og skriv ein rollespelmodul, men ha gjerne i bakhovudet at den kanskje også bør kunne spelast virtuelt. Me opnar ikkje for billettsal før me veit om me treng å selja billettar.

Hald dykk inne, hald dykk friske, vask hendene dykkar, så snakkast me på Arcon!


What’s happening to Arcon? These are hard times, and we all need something good to look forward to. Therefore, there will be an Arcon. We are just not certain that it’s going to be in a physical space.

 

That is why the committee and groups are working on the possibilities of an Arcon in cyberspace. Using Discord, Tabletop Simulator and Roll20, we hope to be able to have a weekend of virtual board games and roleplaying, as well as many of the other social activities we’ve used to have at Arcon. You might have to make your own Arcon-toast, but you’re welcome to eat it with us. 

 

We haven’t closed the door for a real life Arcon at Hartvig Nissen vgs. yet, and we’ll continue to work on that as well. So register games, register as a volunteer, and write a role play scenario, but keep in mind that it might need to be possible to play your game virtually. We will not open ticket sales until we know we need to sell tickets. 

 

Stay indoors, stay healthy, wash your hands, and we’ll see eachother on Arcon!