Barnas Arcon 35

Velkommen til Barnas Arcon. Her er ei oversikt over ting som passar for heile familien på Arcon 35. Han skal tidleg krøkast som god krok skal bli, og så vidare.

Barnepulja.  Beste pulja på heile Arcon! For alle mellom 3 og 11 år. Små born i følgje med vaksne, dei som er 6 og over er velkomne utan, men fint om de vil vera der. (Viss ikkje er dette ein god moglegheit å dra for og spela noko anna.) Bli med i gruppa Barnepuljla på Facebook. Gi eit pip om de tenkjer stikka innom, så veit me betre kva me har å førebu. Søndag kl 13.

Kosedyrturneringa. Ta med bamsen din, kle han opp i rustning og send han i strida i den store kosedyrturneringa. Måtte det beste kosedyret vinne. (Dersom kosedyret ditt ikkje likar å slåst er det mogleg å låna eit som synes slåsting er greitt.) Søndag klokka 13:00, same rom som Barnepulja. Ope for dei over 11 også.

Arcons Familiebarnehage. For dei aller minste. Her er det leikematter på golvet, plass til å parkera barnevogn, bord til brettspel og kaffidrøs. 10-18 laurdag og søndag. Barnevakt ikkje inkludert. Familiebarnehagen har også ei facebookgruppe.

Spel spel! Dette er jo grunnen til å dra på Arcon! Lista over organiserte spel kan verka uoversiktleg, men det er plasser der du garantert finn spel som passar både små og store!

Ares Spillbar har spel til utlåns, lån eit der, skriv deg på lista og lever det att når du er ferdig. Teltet på baksida av skulen er ein fin plass å spela dersom vêret er bra, viss ikkje er det bord og stolar i 1.etg. Høver folk i alle aldrar.

Vandrerne er eit rollespel sett i verda Terrenia, der Vandrerne reiser kring og samlar historier, løyser konfliktar og utforskar alt det spanande som har skjedd sidan siste magistorm. Flaggerkattar, troll og ein kappe du kan nytta til alt du kan finna på å bruka ein kappe til. Strålande introduksjon til rollespel med enkel mekanikk. Søndag klokka 13.

D&D Intro og spel er eit to-timars eventyr skrive med tanke på å introdusera nye spelarar til rollespel. Passar for alle som har lyst til å introdusera eldre ungar og ungdommen til denne fantastiske fritidsaktiviteten. Skrive for 13-16-åringar, men 11- og 12-åringar burde kunna halda greitt følgje. Vaksne som vil læra og spela (eller vera GM) er også velkomne. Ta kontakt med arrangør om familien vil laga eiga gruppe. Fredag klokka 19, laurdag kl 10.00 og søndag klokka 10.00

Terningkastkonkurransen. Kast dei største terningane du har sett og sjå kor mange poeng du får! Laurdag frå 14 til 18. Eigen barneklasse.

Teiknekonkurransen ligg i frispelområdet nede. Teikna noko som har med temaet Laborantar og Labyrintar. Det kan vera monster, det kan vera kule labyrintar, det kan vera romvesen eller kanskje ein minotaur? Ingen grenser, signer med namn og telefonnummer. Eigen barneklasse.

Mat og drikke kan kjøpast i kantina. Her er det hamburgerar, bagettar, og Arcon sin legendariske toast.

Kostymeworkshop. Kom og sy noko stilig! Terningpose? Superheltkappe, labfrakk? Damene i kostymeworkshoppen har kontroll! Ope laurdag 12-19

Brettspelverkstad. Lag ditt eige brettspel med papp, papir, tusj, lim og saks. Her inne kan dei hjelpa deg med kva som kan fungera best. Laurdag og søndag 10-18. Har også masse teikneutstyr.

Retrospel. 4.etasje. Me koplar opp ei rekke PlayStation2-maskinar til gamle klumpe-TVar . Laurdag og søndag.

For dei med ekstra små born:

Heis: Heisen er til venstre for kantina. Går frå kjellar til 4.etg, og etasjane mellom.

Stellerom: Riggar stellebord på HC-toalettet i same etasje som Arcons Familiebarnehage og det er dusjar i kjellaren. Jamfør førre for korleis koma seg til kjellaren.