
Treng du ein pause frå spelinga, men teltet freistar ikkje, sjekk ut Arcon sitt sideprogram. I sideprogrammet finn du alt frå brettspillverkstad til teiknekonkurranse.
Barnepulja:
Arcon si flotte barnepulja passar borna dine laurdag, og gir deg ein flott moglegheit til å utforska spel med avkommet. Kom og leik med oss!
Te-baren er ein favoritt. Sett deg ned med ein kopp eller tre. Kjøp årets Arcon-kopp, og drikk så mykje du vil. Dagens tips: Ein ovmod gild kopp til dei som jobbar seg til nivå 2 som gopher.
Brettspelskaparlauget har brettspelskaparverkstad der du kan laga og testa ditt eige brettspel. Her er det klypp og lim, og terningar, og diskusjon om flaks eller strategi. Lyst å laga spelet om slaget på Stiklestad? Brettspelskaparverkstaden er staden. Brettspelskaparlauget stiller laurdag og søndag.
Kostymeworkshop:
Manglar garderoben eit vikingplagg? Skal du på laiv eller festival? Treng du berre ein ny terningpose fordi den gamle har gått i oppløysing? På kostymeworkshoppen kan du sy det du treng. Dersom du ynkjer å sy i ull må du ta kontakt med anette.l.borg alfakrøll gmail punktum com ,då ull er verd si vekt i gull.
Auksjonen:
Auksjonen på Arcon er tradisjonsrik og lang. Her kan du kjøpa og selga alle slags brettspel og rollespel. Ingvild og Torgrim leier dykk trygt gjennom togspel, bønnespel, zombiespel, for ikkje å snakka om tyske regelhefter. For meir info om korleis selja noko på auksjonen, sjå progammet.
Miniatyrmålekonkurransen:
Still opp med ein mektig barbar eller ein svinefylking på 20 mann. Dei flottaste minoatyrane skal kårast. Meir info i programmet.
Teiknekonkurrase:
Me legg fram ein rull papir og teiknesaker. Dra inspirasjon frå vikingtida og teikn ei skjoldmøy, Midgarsormen, Tor i brurestas eller noko heilt anna. Beste teikning får premie.
Pokemon Go:
Ein treng å røra litt på seg i løpet av ei brettspelhelg. Blått lag legg ut på tur måndag morgon, lyst å ta med raudt eller gult lag ut? Ta kontakt!
Terningkastekonkurranse!
Hurra! Kast langt og trill høgt. Innleiande runde og finale på laurdag.
Viking-Kari
