Ragnarok, drop-in DnD-diskusjon og historier

Ragnarok Film kjem for å presentera kortfilmen Ragnarok og seg sjølve

Ragnarok Film er eit norsk produksjonsselskap med fokus på å formidla av norrøn kultur og historier så historisk som mogleg. Kortfilmen Ragnarok vart crowdfunda på IndieGoGo i vinter, og Arcon sitt publikum får sjå ikkje før synte klipp! Dei kjem til å snakka om prosessen bak filmen, nyaste prosjekta sine og vegen vidare! Spanande nytt for alle vikingar- og filminteresserte.

Sjekk ut nettsida www.ragnarokfilm.no for videoar.

Fredag kveld klokka 22.00

Drop-in diskusjon om DnD 5e

Kva er betre? Paladin eller Fighter? Beste Rogue archetype? Bør ein sorcerer kvitta seg med magic missile etter kvart som dei går opp i level? Er det greitt å ofra spellsots for spells som berre er rp-relevante? Skal ein la spelarar byte karakterar når dei vil, eller bør karakteren døy fyrst? Lad opp til ei helg med rollespel med ein frisk diskusjon fyrst! Kanskje du får nokon nye idear om korleis drep… utfordra spelarane dine.

Fredag kveld klokka 19.00

Skald, skald ikkje?

Historier, soger, kvad og songar. Skalden meistra alle desse, og på seine kveldar, medan vinden ulte over tunet samla vikingane seg rundt åren i langhuset. Medan husfrua sat i høgsetet stod skalden på golvet og framførte dei songar, historier og kvad dei hadde lært sidan sist.
Me set oss i ein ring, tek med noko snacks og fortel dei beste historiene, skrønene, nidvisene og eventyra me kan. Målet er å skapa ein kjekk atmosfære og læra seg ei ny historie eller tre.
Søndag kveld klokka 22.00